Med oppslagsverket i elektronisk form på PC-en, kan legen lynraskt søke fram viktig informasjon, oppdaterte behandlingsråd, endra trygdereglar m.m. NEL har også mange gode pasientinformasjonar som legen kan skrive ut og gi pasienten i tillegg til den munnlege informasjonen under konsultasjonen.
NEL er utvikla på initiativ av engasjerte allmennlegar. Oppstart og utvikling vart finansiert av allmennlegane sjølv ved at dei betalte for oppslagsverket.
Staten har oppretta eit Kunnskapssenter som skal hjelpe til med å samle og spreie relevant medisinsk kunnskap til den norske helsetenesta. Kunnskapssenteret har eit Helsebibliotek som gir elektronisk tilgang til ei lang rekke medisinske tidsskrift og kunnskapsdatabaser. For nokre år sidan bestemte Helsebiblioteket seg for å kjøpe tilgang til NEL for heile den norske helsetenesta. Allmennlegane slapp å betale for bruken av NEL lenger. I tillegg vart NEL gratis tilgjengeleg for resten av helsetenesta også. Dette er blitt enormt mykje brukt, også av medisinstudentar, sjukepleiarar, sjukehuslegar som treng orientere seg utafor eige område.
No har Kunnskapssenteret lagt ut på anbod kva elektronisk oppslagsverk dei skal gi tilgang til. I kriteria la ein ikkje vekt på norsk språk, ikkje pasientinformasjon på norsk, ikkje informasjon om trygdemedisin og organisering av norsk helseteneste, ikkje bruk av medikament som er tilgjengeleg i Norge. Ein har valgt to engelskspråklege oppslagsverk, og kutter ut tilgangen til NEL.
NEL kjem nok framleis til å bli brukt av norske allmennlegar. Vi er blitt avhengig og vil betale det sjølv, men
- Myndigheitene nedprioriterer kunnskapsbehova i norsk allmennpraksis, fundamentet i norsk helseteneste
- Tilgangen til god informasjon blir dårlegare for andre viktige grupper helsepersonell
- Ein underkjenner viktigheita av norsk fagspråk, både for helsepersonell og pasientar. Sjølv om mange nordmenn er gode i engelsk, så er det norsk vi behersker best.
- Pengar som kunne vore nytta til å vidareutvikle kvaliteten på NEL, blir i staden sendt utanlands
- Danskane har kjøpt NEL og svenskane står i ferd med å gjere det, noke som styrker økonomien til vidareutvikling av tenesta. Set norske myndigheiter denne utviklinga i fare ved si desavuering? I så fall kan NEL gå konkurs og tilbodet bli heilt borte.
Dette var ei kunnskapslaus og uklok beslutning av Kunnskapssenteret. Norske allmennlegar er i harnisk. Det burde pasientar, andre helsearbeidarar og politikarar også vere.
Svært god oppsummering av saken. Som Mjell skriver på eyr i går : Håper det kan dukke opp en annen samarbeidspartner som kan fortsette å gjøre NEL allment tilgjengelig.
SvarSlettKlokt som avnlig, Ottar! Godt at du også tar med resten av primærhelsetjenesten, fastleger er jo bare noen tusen av de snart 150 000 helsearbeiderne utenfor sykehus - og utenfor det gode selskap som departement og direktorat staster på.
SvarSlettHelsebiblioteket får sine midler fra sykehusene og Helsedirektoratet - og resultatet ser vi. Kvalitetesverktøyet nærmest de fleste brukerne - i sykehjem, hjemmesykepleie, turnusleger på legekontor og hos helsesøster, jordmor, fysioterapeuter forsvinner sannsynligvis nå da budsjettene er for små her ute. En skremmende sak i disse samhandlingstider. Virkelig stygg.