onsdag 7. desember 2011

Legar, sjukmelding og kurs

Departementet foreslår at alle legar skal måtte ta eit 5-timars kurs for å ha rett til å sjukmelde. Dei legane som ikkje tar dette kurset skal miste denne retten. Kurset kan takast som eit nettkurs når det måtte passe legen.

Kva er galt med dette? Er ikkje sjukefråveret for høgt? Er ikkje legane for slepphendte? Er ikkje det grunnen til at sjukefråveret stig så mykje? Er det ikkje ei viktig oppgåve for legane å skilje dei rettferdige frå dei urettferdige, og halde sjukefråveret nede.

No kan det godt reisast ein diskusjon om sjukefråveret virkeleg er for høgt i Norge og om det har vore den auken myndigheitene påropar seg, men det var ikkje den diskusjonen eg ville ta no.

Skulering av legar har vore prøvd før. Klager over auke i sjukefråveret er ikkje nytt, og rundt 2003-4 var det ei massiv opplæring av allmennlegar med 15 timars kurs over fleire kurskveldar. Eit par tusen allmennlegar deltok. Det vart gjort ei evaluering som ikkje påviste endringar i sjukmeldingsfrekvens hos dei som deltok. Nytten av eit slikt obligatorisk kurs i forhold til målsettinga, er såleis svært diskutabel.

Legar kan elles ein del om sjukmelding. Trygdemedisin er ein del av studiet. For å bli spesialist i allmennmedisin må ein ha ekstra undervisning i trygdemedisin.

Ein må rekne med at mange legar ikkje vil ta dette kurset. Dei fleste legar ønsker å prioritere etterutdanninga si mot kunnskap dei veit at dei treng for å behandle pasientane bedre, ikkje etter departementet sine politiske behov. Mange vil heller bruke denne tida til å behandle pasientar, eller bruke fritida som fritid, ikkje ta nettkurs. Mange legar oppfatter sjukmeldingsarbeidet som ei tung plikt som ein helst vil sleppe, og vil kanskje bevisst la vere å ta kurset for nettopp å sleppe arbeidet med sjukmeldingar.

Kva skjer når det blir ei todeling av norske legar mellom dei som har lov, og ikkje har lov til å sjukmelde? Er det legane som blir straffa for dette? Sjukmelding er jo først og fremst ein rett for eit sjukt menneske til å få dokumentasjon for at sjukdommen gjer at han ikkje kan arbeide som før. Dersom ein ikkje får denne dokumnetasjonen, og ikkje greier arbeide, risikerer ein å miste arbeidet sitt for skoft, miste inntekta si og levegrunnlaget. Det er jo ikkje berre å gå til ein annan lege å få sjukmelding. Det må vere den legen som behandler pasienten, som veit kva sjukdom han har, og kva konsekvensar det har for arbeidsevna.

Departementet trur kanskje at allmennlegane vil bli straffa fordi pasientane vil skifte fastlege til ein annan fastlege i staden. Kor mange ledige lister er det å søke seg til? I min del av landet er det heilt marginalt.

Dette forslaget inneber at ein trugar med å straffe enkeltpasientar som er i ein sårbar situasjon hardt, for valg dei ikkje har ansvar for. Kor umoralsk går det an for eit departement å tenke?

4 kommentarer:

  1. "Kor umoralsk går det an for eit departement å tenke?"
    Ingen nedre grense hvis det kan bety flere "konsulenter" i politisk arbeide

    SvarSlett
  2. Heilt på jordet! Send dei ei bok med "Mollbohistorier" og sjå om dei kan lære av å lese den, eller kanskje dei treng seg eit kurs........Godt du sloss for oss, Ottar! MØV

    SvarSlett
  3. Helsevesenets største problem er at legene ikke vil kome ned fra sin pidestall. Mange almenleger er en direkte fare for sine pasienter. Spør kreftpasienter som ikke fikk diagnosen i tide. Det at de ikke en gang vil samarbeide for å få ned sykefraværet bør ikke overraske noen. Vi får vente 30 år til vi får inn en ny generasjon leger. Dagens legestand er en "lost case".

    SvarSlett
  4. Ok, for meg er det fint å kunne sei til pasientane at diverre har eg ikkje lenger sjukmeldingsrett og alle som treng sjukemelding må få det annanstads.
    Mindre arbeid for meg, meir stress for pasientane. Lukke til.

    SvarSlett